grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

23 mai 2016

Olav og Hildur Fjose


Det var i fyrstninga av mai at eg besøkte Olav og Hildur på Kråketona for kanskje siste gang før dei den 6.juni flytter til ein omsorgsleilighet ved Tasta sykehjem. Eg tok dette foto mens eg var der, og sendte det til Agder der det kom inn 20.mai: "Farvel med byen og bedehuset etter 26 år".
Søndag 22.mai var 85-åringene hos oss til kaffe for siste gang. Det var gildt å få prate sammen. Eg helsa dei med gudsordet i Klagesangene 3:17-23. Midt i fortvilelsen og vonløysa, i nøden og smerten og forlattheten, satte forfatteren (sannsynligvis profeten Jeremia) sin lit til Herrens nåde og barmhjertighet og trofasthet. Eg las fleire vers her frå dette kapittel, m.a. vers 57-58: "Du var nær då eg kalla på deg, du sa: Vær ikkje redd! Du, Herre, førte mi sak, du løyste ut mitt liv."
 Olav avslutta med det ordet som hadde vore hans trøyst og von i alle år, frå Heb. 4:14-16 "La oss derfor med frimodighet tre fram for nådens trone, så vi kan finne barmhjertighet og finne nåde som gir hjelp i rette tid." Det må vel bety, både for profeten og for apostelen, i den tid det er bruk for nettopp barmhjertighet og nåde.
   På misjonsmøtet tirsdag 24/5 var det "fullt hus", 45 av NLM og ImF sine venner. Bjørg leda møtet, Ingrid og Steinar Handeland talte, Gode kaker var der også, i tillegg til rundstykkene. Og Hildur og Olav kom! Reidar hadde ein fin takketale for dei som snart skulle forlate bedehuset og byen, og dei fekk blomster, og helsinger. Olav og Hildur kom også med ei helsing, Hildur frå sangen "Takk min Gud for alt som hendte!" og Olav med sitt gode løftesord frå Heb 4:16. I kollekt kom inn litt over kr. 4.100,-. Det hadde vore ein god kveld. Mange vil savna Olav og Hildur, ikkje bare på bedehuset, men på dei mange stadene der dei stakk innom eller hadde kontakt med over telefonen. Og ikkje minst for meg personlig, eg som har kjent Olav siden me sammen tok til på Fjellhaug Misjonsskole høsten 1953.