grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

24 juni 2016

NMS Gjenbruk og Jonsok

Denne veka flytta NMS Gjenbruk inn i nye lokaler her i Flekkefjord, og mange var innom for å sjå på salgsvarene og få eit stykke marsipankake under den høytigelige åpninga med ordføreren. Fine lokaler. Eg kjøpte med meg eit par bøker til kr. 10 pr.bok, bl.a. den store og kjente boka av Karen Armstrong: Historien om gud. Interessant lesning, frå ein forskers synspunkt.

Så kom torsdagen, St.Hans-aften, då Nelly hadde bedt oss til kveldsmat og prat og utsyn over fjorden og båtane og bålet. Det har vore tradisjon dei siste årene, i fjor var me 16, i år bare 8. I mellomtida har Nelly mista mannen sin, Olav og Hildur har reist frå Flekkefjord, og andre var også bortreist.
Nelly diska opp med rømmegrøt, kake, kaffe og is. Ho las eit par gode stykker frå ei bok, og avslutta med salme 33: Salig er det folk som har Herren til Gud ... Frå himmelen ser Herren ned og legger merke til kvart menneske (v.12-13). Og så måtte me sjølsagt sjå på alle båtene, og seinare på bålet ute på fjorden, Spira, som vart tent kl. 22.00
Her ser me ryggene til Solveig Tandstad, Nelly, Sigrid, Bjørg og Gerhard. Øyvind, Solveig Forseth og Tobias vart ikkje med på bildet. Så avslutta me samværet med å synge nr. 329 i Sangboken:
Hitinntil Herren har hjulpet så vel, inntil i dag, til i dag. Sørget så trofast for legem og sjel, inntil i dag, til i dag. Skjønt jeg hat syndet i stort og i smått, Jeg dog fra Herren har mottatt alt godt. Inntil i dag, til i dag.