grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

06 september 2016

Refleksjoner etter strevsam tur.

Eg står ved "Løven" på vei til Brudle. (Foto: Kirsten Moi Øvstedal, Agder)
Det var søndag 4.sept 2016, Flekkefjord turistforening (F.O.T.) hadde lenge planlagt tur over heia frå Josdal til Salmeli. Den vert omtalt som Brudle-veien og skulle opnast i nærvær av fylkesordfører, fleire andre lokale ordførere og ledere i FOT. Strålande vær gjorde nok sitt til at 200 bussa opp til henholdsvis Salmeli og Josdal. Eg vart med, under tvil, ville eg greie turen? Oppstigningen var svært hard i bakkene opp frå Josdalsstølene, min kondis for dårlig for slikt, og lårmusklene kjentest vonde. Men eg vart med dei tre timane inn til Brudle, og ved "Løva" fekk Agder meg også med på eit foto. Etter ein times matpause med snorklipping etc, bar det mot Salmeli, nye tre timer på svært blaute stier. Nesten framme oppdaga eg at eg hadde mista mobilen min, ein god iPhone4S som eg hadde fått av guttene for nærare tre år siden. Eg vart lei meg. Var turen verdt dette? Eg vart skrekkelig sår i leggene i dagene etter. Men likevel: Eg fekk følge hjertet mitt i dette, sjøl om forstanden rådde meg til å bli heime. Men ein ting veit eg: Det vart nok min siste heietur  til Salmeli! (Kjøpte meg ny iPhone5S på mandag, heldigvis hadde eg ein god iPad fått av Bjørg til min 75-årsdag).
   Siste tur ellers i fjellheimen der, var den 14.sept.2014, då eg var med FOT frå Josdal til Hovknuten (920 moh) og videre til Brudle (ca 750 moh) , og så heim att via Josdal.
Ravnestølbrotet (2014)