grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

29 oktober 2018

Refleksjoner under ein tur.


Ein ettermiddagstur, eg vandra aleine bort til Grønnes og videre opp til barnehagen og ned igjen forbi Sunde skole, totalt 4648 skritt. Herlig sol og varme. Møtte ein av vennene våre i bil, og me fekk ein liten prat. Eg lurte på korleis han og kona hadde det. - " Ikkje så verst, men ikkje 100% heller." - "Nei, det er vel ikkje å vente, slett ikkje i vår alder. Me skal jo ned i null!" Han syntes det var prisverdig at eg var ute og gjekk, og eg minna han om at han beveget jo føttene litt han også, når han kjørte.
Tanker får alltid boltre seg fritt når ein går slik. Eg ser alltid i vegkanten etter kasta brus- og ølbokser, det har blitt ein vane. Å la menneskelaga produkter ligge slik og forsøple naturen, er slett ikkje bra. Når me har samla ein plastpose har me «tent» nok flaskepant til ein god kartong melk. Rett som det er finner eg ei boks som er knust og sammentrykt (foto), og undres på kven det er som ikkje har unt meg den krona. På nyere bokser er pant nå stige til to kroner.
Så flyr tankene til det eg ellers er opptatt av å studere. I det siste har eg holdt meg til englenes historie i Bibelen, gjenfortalt av erkeengelen Rafael, den samme engelen som hjalp Tobias i ei av dei apokryfe bøkene som ikkje fekk plass i Bibelen vår. Så har eg tatt for meg historien om  storbyen Ninive som profeten Jona motvillig vart sendt til, og andre profeter talte sterkt imot. Denne dramatiske fortellingen ligger nå ute på nettsida mi.
I dag har eg tatt til med studie av ordets og skriftens omtale i Det gamle testamentet, og derfrå til Det nye. Svært interessant, Israels folk er virkelig med rette kalt "Bokens folk". Allerede i 1.Mosebok 5 leser me om at dette er "boken om Adams slektshistorie". Kanskje fekk Moses tak i ei leirtavle der dei gamle navnene var nedskrevne med kileskrift, den vart jo oppfunne omkring 3000 år f.Kr. Ned gjennom den bibelske historien, frå Moses og profetene og like til apostelen Johannes i Åpenbaringsboka, baud Herren at synet eller budskapet skulle skrives ned for ikkje å bli gløymt. "Skriften" og "skriftene" står som ein samla benevnelse på dei 66 bibelskriftene som Guds eget budskap til menneskene ned gjennom tidene.
Eg har sendt manuset "To fortellinger om Livet" til fleire forlag, uten å ha fått napp. Fortellingene er kanskje for radikale eller gjerne for dårlig skrevet til å bli antatt for trykking. Forlagene må jo tenke økonomisk, det gjer jo ikkje eg. Eg skriver for eg liker det, uansett. Men å få det ut i bokform ville jo gjort godt, det må eg bare innrømma.
Når eg held på med forberedelse til ei preik eller andakt, og det gjer eg nesten alltid, så er ein slik spasertur uunnværlig. Ein prat med Vårherre blir heller ikkje forstyrra av vær og vind på turen. Og kroppen har virkelig godt av det. Likevel, ein slik tur løyser ikkje alt eg prøver å få til, for eksempel eit kryssord.