grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

23 juli 2021

Martha og Petter 10.07.2021


Tobias si helsing til brudeparet Martha Salmelid og Petter Lund 10/7/2021


Gratulerer med dagen, kjære Martha og Petter. Svært stor og gledelig dag for dykk to, fundamentet for eit samliv! Og ein stor og takksam dag for oss som får vera med. Mange slags materialer trengst til å bygge eit hus; til å bygge eit samliv - eit ekteskap - trengst både kjærleik og truskap og tilgivelse og tid. Før ein husbygger tek til å reise huset sitt vil han sørge for at fundamentet er stødig og bærekraftig. For eit ekteskapelig samliv er vielsen og bryllupet nettopp eit slikt fundament.
Blant dei 3-4 tinga som ein vismannen i GT fant for underfullt til å kunne forstå, er denne: «mannens veg til ei ung kvinne.» (Ordspråkene 30:18-19). Korleis Martha og Petter fann kvarandre, veit eg ikkje. Det kan ha med ein «gudgitt tilfeldighet» å gjera, eller - slik eg sjølv har erfart det - at ein «styrelse» har komme til. Ekteskap er jo ein menneskelig ordning, men det er etablert av Herren sjøl, bekrefta av Jesus som ein binding som ikkje mennesker skal løyse opp (Matt 19:4-6) og som «skal haldast i ære av alle»(Heb 13:4).
Nå er det i ekteskapet bare to vanlige skrøpelige mennesker som knyttest sammen. Dei har sine nederlag og fall og vaner og uvaner. Mennesker blir dessverre ikkje meir gudfryktige om dei blir kvarandres ektefeller og medhjelpere. Når noe vondt eller vanskelig dukker opp i samlivet, må det rykkest opp som ugras med det samme. Får de ikkje skikkelig tak på det, gå til noen for å få hjelp. Andre kan ha det redskapet som de trenger. For ugras må bort, ellers vil blomst og blad snart tørka inn. Eg er blitt ein gammel ektemann og kunne sikkert ha komme med mange og gode råd til dykk som er nygifte. Men i dag har de sikkert ikkje bruk for mine råd, så me lar dei ligga.
Så ønsker me deg Petter velkommen som ny medlem av «Storfamilien Salmelid». Me er blitt mange nå, men du blir nok kjent med oss etter kvart.
Gud bevare heimen og samlivet dykkar, og la denne dagen bli ein gledelig minnedag for dykk begge! Takk fordi de hørte på meg.