grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

13 august 2007

Minikala i vekst


Ei krukke med jord og knolle kjøpte me på bryllupsreisa vår til Holland 25.april, men knollen så ikkje ut til å vera liv laga. Bjørg grov litt i molda eit par gonger, men alt var bare svart og livlaust. Så endelig, etter 6-7 vekers venting, og like før den skulle kastast då me skulle flytte over i det nye huset vårt, så ho etter for siste gong - og fant ein ørliten groe. Det første teikn til liv. Og sjå den i dag! - "Be patient with me, God has not finished with me yet" stod skrevet på ei altfor stor T-skjorte som ei ung jente hadde iført seg. - "Men Gud gav vekst" heiter det når arbeidernes strev med "plantene" (les: forkynnernes arbeid med Ordet og ordene, og med tilhøyrarane) vert omtalt. - Kanskje kunne dette også gje oss eit ydmykt sinn når me møter mennesker som har vokse seg annleis enn oss, med andre meininger og med ein annan kultur. Ein ting er i alle fall sikkert: Herren arbeider daglig med sine barn, ingen er utvoksen før dei er heima hos ham.