grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

13 august 2009

Svigerinner (sisters-in-law)


Slektsturen vår til USA er me mykje takksamme for. Bjørg fekk fornya kontakten med fleire tremenningar og eg fekk møta igjen min einaste bror og hans barn og barnebarn. Den største gleda mellom dei mange hendingane var at Tønnes og Dorothy blei kjent med sin nye svigerinne Bjørg. Dorothy har vore mykje sjuklig i mange tiår, kvar dag er fylt av kronisk hodeverk, leddgikt med deformerte fingrer, og ettervirkninger av kne-, ankel- og ryggoperasjoner. Er det rart at ho undrast på kva Gud vil henne? Og kvifor bønnene ikkje når fram? - "Me vil fortsatt minne Herren om deg og lidinga di", sa eg. - "Men då må de også be for Tønnes, han har mykje å bera på brunn av meg," sa ho stille. Tønnes sa lite om kona si. Med tolmod lytta han til hennar utbrudd av smerte og sjølopptatthet, og gjorde det nødvendige husarbeid og matlaging i den greie "cabin'en" dei har fått laga seg der oppe ved stranda til Ontariosjøen. Til vinteren kjører dei sørover til Florida igjen. Dorothy var svært glad for å snakke med Bjørg (sjå bildet), som forsto situasjonen hennar. då var det som om ho gløymte lidinga for ei stund og kunne fortelja artige hendingar frå deira 48-årige samliv. Nå er dei 70 år gamle. Dei to døtrene bur i andre stater med familiene sine.