… a White Christmas
Drømme om ein kvit jul? Jo, det kan me saktens gjera før snøen laver ned og dekker alt under ei halvmetertykk gråkvit kappe, slik det gjorde i Flekkefjord natta til 20.des. Me skulle ha seks gjester frå Nedland til middag, og laut bare ut for å måke vei for bilen deira (Bildet viser Bjørg med snøspada, og på nederste bildet har me Simen og Daniel Garvik som kom først til det nedsnødde bislaget vårt). Snøfokket kunne me vore foruten, og brøytebilen for forbi heile tida og blokkerte innkjørselen til tunet vårt. Me takka Vårherre fordi me sjølve ikkje skulle noen stader. Og då me fekk melding om at Kristen med familie endelig hadde komme fram til Florida etter tre dagers flyreise med snøstorm og andre forsinkelser, kunne eg bare sende eitt svar tilbake: “Gudskjelov!”
Det lyser i stille grender, skreiv Jakob Sande i jule sangen sin (Sangboken 623) – sikkert uten å ha snøfallet her i tankene. men det femte verset er ikkje komme med der: Songen som atter tonar med jubel kvar julenatt, om barnet, Guds Son og sonar som døden for alltid batt. Jesubarnet sona (= gjorde opp for våre synder ved å dekke dei til slik at dei ikkje vert tilrekna oss) og gjorde døden til inkjes for alltid. Nå er veien open til Gud!
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home