grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

22 oktober 2009

På tur uten mål, er livet slik?


Me var 20 pensjonister som hadde ein fleire timers mosjonstur på tirsdag, over Allestad forbi Gumpefjell i retning av Holmetjørn. Nådde me målet? Ja, fordi målet var sjølve turen der me kunne bli kjente med kvarandre og nyta godt vêr og treas vakre haustfarger. Då me hadde ete nistematen vår, drog me heimover igjen til byen, alle godt nøgde med turen. - På misjonsmøtet samme kvelden minna metodistpastor Madsen oss om målet for livet vårt, himmelen. Og gleden over det målet klang også med i tekstene som han og Harald Lilledrange så fint sang for oss. - Bedehuset vert mykje brukt. Onsdag var det prost Hilde Sirnes som engasjert og interessant talte om "Rom for alle: Inkluderende menighetsliv": På mange måter skulle me engasjere oss i nabolag og samfunnsliv for å få folk med til kyrkja, og legge alt til rettes for dei slik at dei skulle trivast der. Ho nevnte fleire ting her i vår sekulariserte tid og stad som gjorde folk framande og likeglade både for Gud og kyrkja. - Alt ho sa var sant, men eg sat med ei kjensle av at noe mangla: "Alle, alle vil vi ha med, vil vi ha med til himlen!" Livet i ein menighetsforsamling skal ha eit klart mål, frelse og frigjering. Vår tidligare lærer på Fjellhaug Misjonsskole, Arne Ørstavik, hadde fått dette råd av faren: "Så lenge ditt hjartans ønske og di bønn til Gud for folk i kyrkjelydane dine er at dei må verta frelst, har du Guds velsigning i di teneste som prest!"