grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

15 oktober 2009

Bedehusforsamlingas kall til misjon


- Dei kristnes to første søndagsmøter er omtalt i Joh. 20. Der kom Jesus med si fredshelsing til ufreda disipler. Han gav dei eit tenestekall, utrusta dei ved å gje Den hellige Ånd, og overleverte dei makt til å løysa ut og tilgje syndaren. Skeptikaren Tomas vart vist ekstra omsorg av frelsaren.

- Desse første møtene burde vera eit mønster for våre bedehussamlinger. Vektlegging av trusinnhald og rett lære kan bera dei truande gjennom tvil og forfølging, det ser me klart frå misjonsfeltet Kina. Det var ikkje den organiserte kyrkja som starta misjonsarbeidet der, men det var "dei brennande hjertenes takk for Golgata". Bevisstheten om det dei sjøl hadde mottatt, og nøden for dei unådde (jfr. 2 Kong 7:9), dreiv dei til å organisera misjonsarbeidet.

- Disiplene følte nok på tvil og vanmakt då dei mottok misjonsordren på Galileafjellet. Men dei gjekk likevel, og Jesus var med og åpna stengte dører. Også i dag er det dører som ikkje åpner seg før du tar eit skritt i retning mot dei, det nytter lite å stå tafatt på avstand og leita etter ein nøkkel du ikkje har. "EG er med dere alle dager!", sa Jesus.

Det var pensjonert Taiwan-misjonær Harald Gilje (67) som minna oss om dette på Bedehuset 13. og 14.oktober. Forsamlinga var ikkje av dei største, det var heller ikkje noe sensasjonelt med budskapet. Men på ein lun og personlig måte fornya han misjonskallet for oss som høyrte på. "Den som eingong høyrde kallet, Jesu kjærleiks sterke ord: Gå med bodet om mi frelsa Ut til alle folk på jord! Aldri, aldri meir han gløyma kan vår Frelsars hjartelag, Og han kviskrar: Herre, bruk meg, Medan enno det er dag!" (Sangboken 701)