Hyttetak i godvær
Me hadde to fine og solrike dager nettopp, og det kom vel med: Torsdag var eg oppe på hytta (Josli) og reiv av den gamle takpappen som ikkje var tett lenger. Den var dobbel og godt fastspikra så dagen gjekk til. Eg var helst trøtt då eg kom heim til middag og måtte rett på "programmøte" på Bedehuset. Det var styrelederne i ImF (Gordon), NMS (Anne Gerd) og NLM (eg) som sammen med Laila (sekretæren vår) satte opp møtelista for Bedehuset for 1. halvår 2010. Og dei møtene ligger svært tett! - På fredag vart Johannes Garvik med og tekkte taket med ny og god "tjørepapp". Det vil seia: Det var fagmannen som gjorde det meste, eg var bare hjelpegutten. Men også eg fekk kjenne at lemmene var stive og trøtte. Godt at arbeidet vart gjort!
1 Comments:
Du er flink til å krydra bloggen din med bileter!
By bokormen, at 19 september, 2009 20:23
Legg inn en kommentar
<< Home