Fire fantastiske tremenningar i USA
Lars Guttormsen Nedland i Gyland opplevde at fleire av barna drog over havet til den nye verda i 1870-80-åra. Ein kom tilbake for å overta farsgarden, det var Lars som vart Bjørgs farfar. Broren Øyuf, som i Amerika fekk navnet Edward Larson (1865-1928), hadde døtrene Selma (gift Reece) og Inga (gift Torkelson). Inga fekk fem døtre som altså er Bjørgs tremenningar. Aurelia (1923-2001) var eldst, dei andre fire fekk me besøka under slektsturen vår. Det vart noen fine opplevelser av svært oppegåande, rause og gjestevennlige damer! Karen (f.1944, gift med Paul Leverentz) tok imot oss i Stillwater, MN, med grilling i båten deira ute på innsjøen. Rita (f.1938, gift med Roger Baer) kjørte oss frå heimen deira i 10 timer sørover i statane for at me skulle få besøka dei andre søstrene. Sarah (f. 1930, gift med Don Knudson) hadde bedt 17 andre slektninger på velkomstparty for oss i ein restaurant i heimebyen deira i Kansas. Virginia (f. 1926, gift med Keith Moots) tok imot oss med budskapet "Welcome Norwegian cousins" på ei høg reklamesøyle då me kjørte inn i byen Eureka, KS. Ho var reiseglad, skulle til Alaska veka etter og så på rundreise i Europa deretter! Og huset var fylt av souvenir og nips frå alle verdens kanter. Norskkunnskapen var ikkje så god lenger, men dei fire damene hadde sine norske slektningar i hjertene!
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home