Guttenes måned
September er ein stor bursdagsmåned i vår storfamilie, det er særlig året 1992 som vil bli huska. Året før hadde me komme heim på sommerferie til Norge, men reiste ut att før Kristian kom til verda den 13. september. Nå var det blitt september igjen, i 1992, og to svigerdøtre hadde termin midt i månaden. Gunvor var på reise frå Arba Minch til Yirga Alem 5. september for å sjå til den eina - og vart overfalt av landevegsrøvarar. I si fortelling om dette dramaet, skriv ho: "Så vil denne fortellinga også vera eit vitnemål om at Gud går foran oss, han går ved sida vår, og han er det som til slutt vil ta oss heim til seg. Han fører oss ikkje alltid utanom vanskene, men han hjelper oss gjennom dei..." Den 11. september kom Ole Tobias til verda i Norge, og den 16. kom Harald på misjonssykehuset i Yirga Alem. - Mange år er gått nå siden dei lekte sammen i sandkassen i Valaveien på Randaberg! Gratulera med 17-årsdagen , Ole Tobias og Harald, og med 18-årsdagen for deg, Kristian! (Farfar reknar med at foreldra greier å formidla dette blogginnlegget videre til dei store sønnene sine). Håper dere får solskinn både ute og inne, både på Kvitsund og Bømlo denne helga!
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home