grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

04 oktober 2009

Fullmånen, Oscar og hans tipoldefar

Bjørg har eit ambivalent forhold til fullmånen: Den er fager å sjå, men samtidig veit ho som jordmor at det vert alltid ekstra mange fødsler i fullmånetider, og stundom hindrer den søvnen også. - Vel, det måtte altså ein fullmåne til for at Oscar skulle komme. Me vart mykje takksamme til Gud då Jarl André ringte seint på ettermiddagen i går og fortalte at gutten og mora hadde det bra. Og så fekk eg oldefargratulasjoner frå Benedicte nesten samtidig! Eg måtte ringe til Arne med det samme, det var jo litt rart for meg å vera far til ein bestefar! "Slekt skal følge slekters gang. Aldri forstummer tonen fra himlen ..." (Sangboken 619: Deilig er jorden). Gud gje at våre etterkommere aldri måtte mista den tonen midt i verdens slit og gleder! - Kanskje veit dere ikkje om det, men vesleguttens tipoldefar (min far, Asbjørn Salmelid, 1892-1975) bar navnet Oscar i dei 21 årene han var i Amerika (sjå bildet). Klem og gode ønsker frå oss til Oscar, Benedicte og Jarl André.