Kr. 48.000 til Bedehuset
Bedehusbasaren er nesten over for denne gangen, det står bare att søndagens kveldssamling med Odd Bjørn Tjøstheim og Flekkerøy Sangkamerater, og litt bevertning til heile møtelyden. Bjørg har stått på denne siste veka med forberedelser for å få ledige folk til innkjøp av gevinster, mottaking av gevinstgaver til basaren, kakebaking, smørbrødlaging, kaffekoking, loddbokskriving og åresalg - både fredag og lørdag. Dei som bruker bedehuset kunne jo ha gitt kr. 500 kvar (det gjorde me nok også i form av gevinstgaver og loddkjøp), og så hadde me sluppe alt strevet. Men då hadde me også gått glipp av samarbeidet før og under basaren, og eit herlig sosialt samvær med kaffe og prat og eit glytt ned på årene for å sjå om dei utropte gevinstnummera passa med våre. Og så hadde me kanskje heller ikkje fått lytta til den bereiste misjonæren og lektoren Berit Helgøy Kloster. Ho fekk formidla visjonar om bønnekrefter, endetidsmisjon og ein kjærleik til Jesus som Ånden kan få bruke i kvardagen vår - til å ta oss av kvarandre både lekamleg og åndeleg. Basaren "tok" mykje, og gav endå meir.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home