Dorothy er død
Telefonen ringte grytidlig i dag, lørdag. Det var Tønnes, min bror i Amerika: "Dorothy har flytta til himlen, torsdag kveld - etter ei svært vond veke. Eg var forberedt på dette, me hadde bedt om at dersom ikkje Herren gjorde eit under slik at ho slapp dei uutholdelige smertene, var det betre at ho fekk døy. Eg føler på sorg - og lettelse. Det har vore svært tunge og smertefulle år, dei siste åra me fekk sammen. Nå er Karen (eldste dattera) hos meg, og Amy (barnebarn). Lisa (yngste dattera) kjem i dag. Begravelsen vert mandag. Om eg kan koma til dere i Norge? Ikkje med det første, har for mykje å gjera her nå. Kanskje etter jul ein gong. Og så gler eg meg over at Kristen med familien kjem til meg i Florida til jul - dei får stelle og ordne seg sjøl, men det skal bli gildt for meg å ha dei på besøk". - For meg vart dette noen dager som død og gravferd satte sitt merke på. Fredag var eg i begravelse på Randaberg, heile dagen - det gjaldt Gunvors moster Ingeborg (91), den siste i generasjonen før oss. Og på tirsdag skal Bjørg og eg i gravferd til Gyland, det er mor til Gordon Klungland (god venn og indremisjonsleder i Flekkefjord) som har fått flytta heim til himlen. - Dorothys død greip oss sterkt, det er jo bare noen veker sidan me skildest i Amerika! Ho vart 70 år gammel. Tønnes vert 70 den 1.desember. Me ønsker fred over minnet etter henne. Ho var eit Guds barn og ferdig til å flytta heim til Jesus.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home