grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

19 oktober 2009

Ebeneser, Peking og Pokot


Sammen fekk me ein opplevelsesrik søndag. Eg preika i bedehuset Ebeneser i Ganddal kl. 11.00 - om Jesus som reiste opp den lamme med ordene "Vær frimodig, sønn, dine synder er deg forlatt!" Ei stor og lydhør forsamling av barn, ungdom og voksne i alle aldrer. - Så kjørte me inn til Peking-restauranten i Sandnes og fekk oss ein god kina-lunch. Der traff me også Linda (sjå bildet) frå IKF-arbeidet i Salem i Stavanger, det var hyggelig at me kjente kvarandre igjen. - Kl. 19 var me på plass i Gyland Bedehus og hørte på inspirerande Kenya-glimt frå misjonærane Arve og Ingrid Johanne Myra, som nå bur i Kristiansand. Dei utfyller kvarandre: Han med sin engasjerande informasjon om misjonsarbeidet, og ho med ei så levande fortelling at me nesten må halde pusten av spenning. Svært godt budskap fekk me også med oss gjennom sangarane Monika og Kjell Nesgård frå Hovsherad. Glede og takksemd fylte hjertet etter denne dagen.