Musikklagets vårfest på Homma
Mandag 31.mai hadde musikklaget vårt den tradisjonelle samlinga i og omkring Kjell Svindlands sommerhus på Homma i Gyland. 29 blide sangarar og ektefeller metta seg på pølsebrød og karbonader i det varme solskinnet, med Kjell og Sivert ved grillane. Etterpå vart det – etter mangeårig tradisjon – ballkasting og pilkasting. Bjørg vant den siste øvelsen og vart “Homma-mester i pilkasting” med diplom og stor spekepølse som premie! Etter medbrakt kaffe og kaker avslutta me samlinga med ei gild møtestund inne i huset. Der minna Kjell oss om “evangeliet”, dette gode budskapet som me kan få regne med som frelse for oss uten av me har streva for det. Olaf leda samværet der fleire deltok med vitnemål og sang. – Me var innom Nedland etterpå for å få rapport frå dei nylig heimkomne Israel-fararane. Dei hadde hatt eit fredfullt opphald i ein fredlaus del av verden. Dagen hadde vore lang og lys, og me kom heim med takk i hjertet både til Gud og mennesker for mange gilde timar sammen.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home