Dublandsk kulturkveld

Ville me få svar i himmelen på våre mange spørsmål her nede? Nei, i himmelen vert det ingen gåte å spørre om! "Jeg løfter opp til Gud min sang, ennå en gang." Fleire historier fekk me med oss, bl.a. om oldefaren som bygde opp Dubland på Varhaug. Og diktet om Hilde sine tanker og gjeremål da bedehuset bare var halvfullt.
Odd sitt kjente kvede Kvitekrist om gamle Tore og dattera Liva, eit dramatisk møte mellom heidenskap og kristentru, fekk me også lytte til. Maleren Odd var representert med tre store og svært fine malerier, ikkje for salg, bare for beundring. Ei gave til misjonen og gode smørbrød høyrer også med til bedehuskulturen. Me hørte ingen tale, men fekk med oss det me kom for, ein gild kveld i velkjent "dublandsk ånd" - og gjekk nøgde og glade heim att i det fine haustvêret.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home