grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

04 oktober 2012

På Elieser-møte i Flekkefjord

Korleder Olaf Thormodsæter med skinnvest, kaptein Harald Thorsen i kvit skjorte, husmora lengst til høgre.
Regnet pøste ned då me kjørte til brygga i byen der Betelskipet Elieser 6 låg og venta på oss, Bedehusets musikklag skulle nemlig synga på kveldsmøtet ombord. Det vart ei fin oppleving: Mannskapet med kaptein Harald Thorsen tok vel imot oss med velkomstsang, og det store møterommet fyltest til siste plass. Etter at Oddvar og Jostein hadde delt noen Gudsord med oss, overtok husmora leidinga av møtet. På ein varm og personlig måte vart me tatt med på mannskapets opplevingar og nød for dei ufrelste langst kysten av det lange landet vårt. Musikklaget sang, me fekk kaffe og mat alle sammen, og så vart det ei utlodning til støtte for drifta av skipet. Alt i 1903 satte Den indre Sjømannsmisjonen i gang med det første betelskipet som drog frå havn til havn for å nå fiskarane når dei kom i land. Me fekk ein svært god og velsigna møtekveld om bord, 3.oktober.