grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

10 november 2014

Julemessa - hektisk samarbeid

Så var julemessa for Misjonssambandet i Flekkefjord til ende. Offisielt varde den 7-9.november 2014, men  begynte lenge før, med samråding på bedehuset for begge foreningene og andre som deltok, nærare 20 i talet. Bjørg styrte med det og hadde lagt planene i god tid før. Så var det å selge lodd i butikken på Amfi kjøpesenter, det gjekk greitt å få inn 12.000 på den måten.  På bildet er det Sigrid og Bjørg som selger lodd på Amfi.

Torsdag kveld kom alle sammen til bedehuset for å gå over tingene som skulle vere gevinster eller selges, bord og stoler vart plasserte. Og då alt var gjort fekk foreningsmedlemmene ein velfortent kaffekopp og noe attåt - Bjørg hadde sørga for det.  Fredag kveld kl. 18.00 vart dørene opna og folk kom for å kjøpe smørbrød og kaffe, ta lodd og "årer", kjøpe bøker eller forundringspakker og mykje meir. Taler var Odd Geir Norland, sanggruppa kom frå Moi. Me hadde tatt med oss noen "banana-engler" frå Nairobi, og fekk inn kr. 840 på dei. Sven selde rekelodd for vel 3000, og Nelly hadde sitt eige bord med "øyeblikkslodd" og fekk inn over 5000. Me fortsatte lørdag igjen kl. 10.30 og til oppryddinga var ferdig i 16-tida. Folk sat ute i matsalen, men me hadde opna dørene til hovedsalen slik at sangarane kunne stå der - den dagen var det sangkamerater frå Bjerkreim som var med oss (sjå bildet). Og folk kom. Mange kom nok helst for den gode ertesuppa med bolle attåt (kr. 35). Tilsammen kom det inn kr. 109.088,-. Litt mindre enn i fjor, men alle hadde stått på som best dei kunne, sjølv om dei var blitt eitt år eldre (og - for mange - litt skrøpeligare).
Etter dette skulle me vel vera ferdige? Nei, på mandag veka etter vart det felles foreningssamvær oppe hos igjen, med evaluering av julemessa og planlegging for neste....