grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

05 oktober 2014

Forkynnelse, kva? kvifor?

Birger Helland starta ikkje med å definera forkynnelsen, men streka under sammenhengen mellom det som vert forkynt og den forsamlingen som lytter. Forkynnelsen er jo å formidla eit budskap i ord, og Helland brukte mykje tid til å visa korleis Gud virker nettopp gjennom sitt ord. Det skulle vera temamøte på Flekkefjord bedehus lørdag 4.okt, ikkje den beste dagen nett, og det kom bare 20 personer frå byen og bygdene omkring. Ove Sandvik leda samværet, Sigrid og Bjørg sørga for gode smørbrød til kaffen.(Foto er frå oppvasken etterpå).
Helland la vekt på Bibelens budskap om menneskets fall og mulighet - gjennom forkynnelsen - til å komme i kontakt med frelsa i Jesus Kristus. Emnet hans var "forkynnelsens plass og innhold", og i samband med det hadde han desse punktene: (1) Forkynnelsen må vere skriftbasert (Emmaus-vandrerne). (2) Den må ha som hovedsak Jesu død og oppstandelse for det er dette Ånden kan bruke for å frelse eit menneske. (3) Omvendelsesforkynnelse må vere med. (4) Apostlenes lære må det bli gitt undervisning om, jfr. "heile Guds råd" i Apgj.20:27. (5) Misjonens sak må ikkje gløymast.
Ove tok dette bildet til Felleslagets blogg: Eva Olsen, Tobias, Birger Helland og Reidar Mæstad. Etter Hellands tale vart det samtale og fleire saker vart dratt fram: Vansken med å nå dei som ikkje kjem på møtene våre. Behov for systematisk bibelundervisning, gjerne ved f.eks.å gå gjennom eit NT-brev i løpet av ein måned eller halvår. Det vart også nevnt at siden møtet opprinnelig vart tenkt på som "profilmøte" i NLMs regi, ville det vore fint å ha fått litt om NLMs særpreg og stilling i kyrkje- og kristenlandskapet i dag.