grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

14 september 2014

Sjelden søndagstur til Hovknuten

Bjørg såg annonsen i Agder: "Sikkert noe for deg, Tobias!". Det var ein tur på søndag med FOT (Flekkefjord Turistforening) til Brudle mellom Josdal og Salmeli. Sammen med vel 20 andre drog eg altså på tur kl. 9 søndags morgen, satte minibussen der asfalten slutter ved Josdalsstølene og begynte på den bratte oppstigninga gjennom Rabnestølbrotet. Lederen vår, den kjente friluftsmannen Johan Sunde (76) fekk hjerteproblemer og måtte kjørast tilbake, men sjåfør Frank Øysæd (60)  tok over på ein god måte.

Etterpå drog me videre til Brudle (ca. 750 moh) , og til slutt til Hovknuten (920 moh). Vêret kunne ikkje vore finere, skyfri himmel, litt vind på høgdene, forholdsvis tørt på stien. Men det vart ein anstrengande tur, med pauser brukte me 6 timer før me kom tilbake til minibussen og bilane.
Alle var einige om at me hadde hatt ein fin heildagstur, og heime venta Bjørg  kl. 18.00 med fårikål til meg før ho drog til møtet på Bedehuset der ho og Solveig skulle synge. Eg var for trøtt til å gå ut den kvelden.