grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

27 august 2014

Bratt tur til Høgåsen

Rett nord for Flekkefjord ligger Høgfjellet med toppen Høgåsen 310 m.o.h. Eg fekk med meg naboen Gordon på ein 3 timars tur dit i strålande solskinn. Han hadde vore der før, for meg var det første turen. Me kjørte gjennom Drangei og under riksveien til ein parkeringsplass ved Selura, og brukte 65 minutter opp dei bratte skråningene til toppen. For ein utsikt over byen! Storfjellåsen tok bort utsikten til Søyland, ellers såg me alt. Men veien var bratt, noen stader så bratt at det var satt opp stiger me måtte klatra i, og tauer til å halde oss fast i. Det smakte godt med vatn, kaffe og eit stykke fyrstekake på toppen! Nedover gjekk det med varsamme skritt, 50 minutter før me nådde igjen parkeringsplassen. Ein ugløymande tur, men ikkje ein slik me kjem til å ta ofte. "Me får prøve igjen neste år", sa guiden min. Her kjem noen glimt: