grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

19 august 2014

Oslo-ferien vår august 2014

Torsdag 14.august starta me på årets ferietur med tog og buss til Bent og Ellen i Skårer/Lørenskog, og samme veg tilbake til Flekkefjord att mandag. Me fekk eit skikkelig "hotellopphald" i Tunveien 41A og vart litt kjent med effektive bussruter (Ruter#) og T-bane. Då me kom fram fekk me treffe både Ole Tobias (som drar på studieopphald i NY om ei veke) og Aurora (som har flytta heimefrå). Bilde viser Ole Tobias i farens
 frukthage (epler, plommer, rips og solbær).
Her er ein "selfie" av oss utenfor handelssenteret Triaden, ved det store skovlhjulet som også er kommunevåpen for Lørenskog.

Fredag drog me på besøk til Jon (88) og Kjellaug (86) Jøssang, Bjørg sine næraste medmisjonærer då ho tok til med arbeidet i Dongobesh i Tanzania. Me fekk også treffe eit par av mine gamle medmisjonærer frå Etiopia: David Andersson (90) og Ella Magerøy (snart 89), dei budde i samme aldersbolig som Jøssang.

Lørdag drog me til May Britt Garvik, der me fekk ein smakfull lunch (sjå bildet) før me alle tre tok ein bytur i det fine været. Me var innom Aker brygge (eit hav av folk) og Carl Johans gate, der me så ein "fakir" som svevte i lufta midt i ein stor  flokk mennesker som tok bilder og prøvde å finne ut korleis han kunne sitte der oppe i lufta uten å falle ned.
Søndag var me først i Skårer kirke, og etter middagen kjørte Bent oss til kjellerleiligheten der Benedicte, Jarl og Oscar budde. Det var vårt første besøk hos dei, me fekk nysteikte vafler, ein god prat og lek; Det så ut som Oscar trivdest bra sammen med oldefaren.