Storm på Preikestolen og selskap på Lye
Det var fredags kveld, me hadde nett klipt plengraset då Geir Tore ringte og sa at prognosene for lørdagsværet var så bra at me kunne ta ein tur til Preikestolen slik me opprinnelig hadde planlagt. Det var jo alt blitt kveld, men me pakka i hast og kjørte til Lye likevel. Det var regnet me var litt redde for, men det skulle ikkje komme før utpå ettermiddagen. Me kjørte 07.45 og kl. 09.30 kunne me ta til med oppstigningen: Geir Tore og Margunn med barna, Ernst R. med familie og så Bjørg og eg. Vegen er ca. 4 km, og me hadde gode klær og sko, mat og vatn med oss. Veien er bratt, noen gonger var det lagt til rette trapper, andre gonger var det helst som å klatre i ei steinur.Bildet viser Bjørg, Ernst og Geir Tore
Det vart nødvendig med noen "puster i bakkene". Heile tida var turister på vei opp eller ned. Då me kom meir på høgdene innover mot Preikestolen, møtte me noe me ikkje hadde venta: svært sterk vind som stadig auka på. Då me endelig kom til sjølve Preikestolen, var stormkasta så overveldande at det var umulig å klarte utpå. Klokka var då blitt 11.45, men den matpausen me hadde planlagt, var umulig å ta. Sand og småstein blåste omkring oss, me heldt fast i kvarandre for ikkje å bli tatt av vindkasta.
Me var svært forsiktige og redde då me passerte ei første 2-300 m tilbake, for ikkje å bli dratt utfor stupet. På veien nedover stoppa me ved eit lite vatn og fekk i oss nistematen. Men påkjenninga vart for stor for Bjørg på nedturen, høgre kneet svikta, Truleg var det senefestet som vart skadd og gjorde det umulig for henne å ta seg fram i dei lange og bratte steinurene. Då var det at dei sterkeste i følget vårt, Ernst og Geir Tore, bar henne på gullstol meter for meter. Det vart mange pauser, på slett veg prøvde ho å hinke seg fram, og så måtte ho berast igjen. Dr. Ernst hadde Ibux-tabletter som ho fekk for smertene i bilturen på heimvegen. Det var stormen "Lena" som me hadde vore borti, Lysefjorden låg ikkje stille lenger, på brua hadde ein bobil blitt tatt av eit vindkast og velta. Det var svært godt å komme tilbake til Lye og ha ein god kveld sammen med våre der. På søndag, 10.august, var det stort selskap om ettermiddagen: Tvillingane Joakim og Renate fylte 14 år! Her ser me dei i arbeid på kjøkkenet sammen med faren: førebuing av bursdagsselskapet.
Det vart ei dramatisk og minnerik helg for oss alle!

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home