grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

13 september 2014

- NLM er i realiteten blitt eit kyrkjesamfunn


I Utsyn 15/2014 står det at NLMs Rådsmøte i oktober skal m.a. «drøfte spørsmålet om Misjonssambandet skal opprette et trossamfunn». Eg forstår godt at det tener arbeidet i organisasjonen å dele opp verksemda i ulike sektorar under Hovedstyret, t.d. heimearbeidet, utearbeidet, skoler og media. Å opprette eit trussamfunn som eigen sektor innan organisasjonen, gir derimot svært lita meining, og ingen praktisk betydning. Om NLMs Generalforsamling 2015 vedtok å la organisasjonen bli registrert som eit trussamfunn – som det i røynda alt er – så hadde det vore både rett og naturleg.
I siste nummer av Innsyn har Arne Redse, professor i misjonsvitenskap ved Fjellhaug (FiH), eit kort og godt historisk tilbakeblikk på «Gudsteneste- og tenesteordningar i NLM». Eg vil fullt ut slutte meg til det han skriv om kyrkjeordningstankar frå arbeidet ute – overførde på arbeidet heime: «NLM er i realiteten blitt eit kyrkjesamfunn. Ein av sektorane til NLM er å vere ein fellesorganisasjon for eit stadig aukande tal forsamlingar, menigheter eller kyrkjelydar. Altså fungerer NLM i praksis som eit kyrkjesamfunn. Fordi NLM allereie er blitt eit kyrkjesamfunn, er det ei utfordring å spørje kva historia om Kinamisjonen og NLMs kyrkjeforfatningar og kyrkjerett på misjonsfelta i samarbeidskyrkjene kan ha å lære til NLM i heimearbeidet når ein også her bør tenkje meir heilskapleg som kyrkjesamfunn. Hovedstyrets dokument Sammen i tjeneste (2012/13) har avklara ein del, men ignorert det historia har å lære oss t.d. om diakonteneste og kyrkjetukt. La oss ta erfaring frå fortida med oss inn i framtida.» (Dette stykket mitt stod i Dagen 9/9-14)