grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

23 november 2018

Julemessemåneden

Bedehusfolket er opptatt i november. Det er julemessetida for alle. Misjonssambandets starter opp første lørdag, så kommer Indremisjonen helga etter. Frikirken har sin, og Misjonsselskapet. I bygdene omkring Flekkefjord er det på samme vis, medlemmene i foreningene baker og syr, selger lodd både i husene og butikker, og hamstrer gevinster. Bedehuset ser ut som eit torg, eit virvar av mat og ting og menn som setter bord og stoler på rett plass og damer som flyr omkring med handarbeid og kaker og massevis av små og store gevinster. Alle vinner ikkje, men alle får kjøpe kaffe og kaker, grøt eller suppe.

Fredags kveld var me i NLM ferdige med å legge alt til rette, og tok oss ein velfortent kaffekopp. Eg skulle rydde litt opp i noe, og oppdaga at andre hadde gjort det på sin egen måte, slik kan det bli ugreie av. Eg vart trøtt, både eg og kona. Me kunne godt tenke oss at dette vart siste julemesse for oss.  Andre fekk ta over ansvaret nå, om me bare hadde hatt noen andre. Men messedagen gjekk over all forventning, folk strøymde til, tok lodd og kjøpte mat og var nøgde. Tanzania-misjonæren, Odd Geir Norland, fortalte både frå Bibelen og litteraturmisjonen. Staute menn frå Bjerkreim sang. På mandagen var det kvinneforening og dei iherdige damene lurte på korleis det økonomiske resultatet hadde vore. Bankens utskrift var ikkje kome enda, annonsene var ikkje betalte, men eg meinte me hadde eit resultat 10.000 Kr over i fjor! Noen unødvendige kritiske merknader ødela litt av gleda, dette vart seinare gjort opp på kristelig vis. Mandag 26.nov har me felles foreningsmøte både for mennene og damene, Ei av dei spanderer pizza på heile flokken! Regnskapet eg skal overlevera viser at me kan sende Kr. 88.000 til NLM, mot 78.000 i fjor. Men kva vil dette evalueringsmøtet ellers ha å by på? Har me mot til å fortsette også i 2019, på samme vis, eller på anna vis som står meir i stil med at me vert eit år eldre for kvart år som går?
   16 kom til evalueringsmøte, og noen hadde mye å seia - deriblant eg - andre var svært så bestemte om at deira meining var den rette, og noen var stille. Jo, dei ville ha julemesse også i 2019! Noen var opptatt av dette året gjennom, andre hadde sjølsagt også andre saker å ta omsyn til. Det vart vedtatt å sende 84.000 til NLM og beholde 4000 til innkjøp av gevinster. Nelly(86) kunne ta over regnskap , og ville gjerne ha tilgang på kontoen for julemessa, det er Bjørg som har den nå. Solfrid og Kirsten er ivrige, dei kan ta seg av heile matlaginga og kjøkkenet. Øyvind skulkle forsøke å skaffe den rette taleren og sangkrefter.  - Dagen etter, i dag,  har eg skreve til 4-5 av desse og bedt om orsaking for at eg ga uttrykk for min frustrasjon over misnøye eg har møtt, og andre ting. Den orsakinga vart godt mottatt. Måtte Herren velsigne oss alle og gi kvar og ein styrke etter det Han ser er nødvendig.