Sei "isji"
Me vart plassert i Hagere Maryam i vår andre misjonærperiode i Etiopia (1967-72). Misjonssambandet hadde bevilga mye penger til å bygge ny barneheim, stor folkeskole, nytt klinikkbygg og romslig kyrkje på den delen av misjonsstasjonen me nett hadde fått kjøpt. Eg hadde meir enn nok å gjere med sterkt voksende menigheter, og ikkje noe greie på byggearbeid. Me fekk derfor med oss ein habil byggmester frå Randaberg. Han skaffa trematerialer, brende murstein, vaska sand til alt støpearbeid, og fekk tak i arbeidsfolk. Mellom dei var også ein fagmann med erfaring. Men etter ei kort tid kom han og sa opp jobben, han hadde nemlig blitt kritisert for noe arbeid han hadde gjort, og tålte ikke å bli overstyrt av andre. Dette var leit å høyre for byggmesteren vår, men han måtte jo bare godta det. Kva hadde gått galt? Jo, den etiopiske fagmannen hadde unnlatt å bruke det mest brukte ord i det amhariske språk, ordet "isji", som ellers i verden blir oversatt med OK. Å stå på sitt og gje uttrykk for faste og klare meiningar, høyres gjerne godt ut. Men stundom er det både klokere og betre å gje etter for ein annens meining, og seia "isji". Det fører til samarbeid.
Eg har bestemte meininger om store ting i livet, slike som betyr mykje for meg sjølv og oppdraget eg har fått. Men dei fleste ting i livet er småting der eg ikkje ønsker å framheva mi sjølstendige meining, men kan godta andres meining om saka. Kvifor skriver eg dette nå? Jo, me har nett vore på gildt julelag i regi av Gjenbruksbutikken (Kvinesdal), der me arbeidde i over fire år. Her betyr samarbeidet mye. Noen medarbeidarar har klare meininger om kvar skapet skal stå eller kva hylle som skal ha dei ulike bøkene som kjem inn. Då er det svært godt om medarbeideren tenker "isji" og seier OK til det han vert bedt om å gjere. Det vart eit gildt medarbeidarlag i går kveld, med 30 deltakarar, leda av Kjell Trodahl. På fotoet ser me mellom andre sangarane Randi (med gitar) og Karsten (med munnspill). Grøten og kakene var bra og julepynten fin. Me fekk kvar vårt julekrus med oss heim, så slapp dei å vaske opp kaffekoppene våre.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home