grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

23 desember 2019

Feiring av vintersolverv 21/12/19



Me hadde blitt kjent med to unge jenter frå Afghanistan, det var Bjørg som hadde helst på dei på eit "Grenseløst treff" på bedehuset. Me kan kalle dei "Natta" og "Perla" etter det navnene deira betyr. Ho ba dei heim til oss, dei gjekk på språkskolen i byen og hadde lært så mye at me kunne snakke sammen. Så kom dei innom oss igjen etter at dei hadde fått leige seg ein betre og billigare leilighet bare 7-8 minutter frå huset vårt. Den måtte me sjå, og då fekk me invitasjon til å komme innom igjen på lørdag, då skulle dei feire solverv kl 21. Det var ein feststund som alle desse "-stan-statene" feira. Tre andre damer fra Syria var inviterte, norsk var einaste språket me hadde felles. 
 
 Matbordet var fylt av peanøtter, mandler, twist, smågodter og brus, avokado, vannmelon fint oppdelt, frøene av granatepler, "trekantkaker", friterte kyllingstykker, kaker med knuste nøtter, m.m. Alt smakte svært godt. Etter eting og prating fortalde dei afghanske jentene at dei likte godt å danse i slike selskap, satte på ein slags "østen-musikk" og dansa etter den, lett og fulle av latter. Dei var søstre, 20-23 år gamle. Natta, den eldste, likte best å svinge seg til musikken, ho var forlova med ein afghan i Sverige, han hadde fast arbeid der. Ho var svært flink til å lage mat. Perla laga ikkje mat, ho dansa heller ikkje. Sjøl sa ho at ho likte å lesa, ønska seg litt musikkundervisning, og ville gjerne bli politiker.
   Om dei las i Koranen? Natta sprang og fant boka, for kvar linje på arabisk var der ei ekstra linje på afghansk med små typer. Me minna om at Gud sendte Jesus (Isa) som vår frelser, ei gave til oss. Me er takksamme for den gaven og gir også gaver til barna våre nå ved juletid. I gamal tid vart nok også vintersolverv feira i Romerriket, og i vårt eige land, med etter at folket var blitt kristne, hadde dei feira Jesu fødsel som jo var om lag på samme tida. Me sa at me ba til Gud for jentene, og fekk høyra at dei snakka om oss som sine "reserve-foreldre ". Ei fin kveldsstund utenom det vanlige!