grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

04 november 2019

Underveis

Møtene lørdag og søndag var i regi av Misjonsselskapet. Lørdag var det den tidligere ordfører Kjell Erfjord frå Lund som hadde andakten om då Jesus stiller stormen (Mark 4:35-41). For disiplene var dette ei grufull oppleving: At Jesus sov i båten og tilsynelatande ikkje var med dei då dei trong hjelp og trøst i denne stormen. Men slik er nå eingong livet, tenkjer me stundom. Sjukdom og andre vonde ting kjem over oss, men bønnene våre når liksom ikkje fram til den Allmektige. Erfjord understreka at desse redde mennene egentlig var underveis, snart skimta dei stranda på andre siden av sjøen. Jesus stilla jo også stormen. - Dette fekk meg til å tenkje på den kjente salme 23, der det står at Herren er min hyrde, men likevel kan eg komme til «dødsskyggens dal», og bli ført gjennom den av den samme hyrden. Også denne salmen vitner om at i livet vårt er me alltid underveis, og at også i livets vonde dager er Herren med.
To unge muslimske jenter frå Afganistan var hos oss søndag ettermiddag, dei hadde flykta og etter mye om og men endelig kome hit til byen der dei gjekk på ungdomsskolen for å lære norsk. Framtida deira var nok mykje uviss, uten kontakt med slekta. Dei var underveis. Måtte me bare kunna hjelpe dei videre ...
På sang- og musikkmøtet søndag kveld var det
eit vers som eg noterte meg:
Many things about tomorrow
I don't seem to understand,
But I know who holds tomorrow,
and I know who holds my hand.