grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

14 oktober 2019

Møteveke og uventa besøk.



Søndag kveld leda eg det siste av fem møter på bedehuset, det var møteveka som ImF og NLM hadde felles, med Marit Stokke og mannen Jarle Berland som talarar. Det er ikkje lenge siden dei gifta seg, og Jarle sa at han var tatt med på "visning" på mange møter. Folk lurte nemlig på kven Marit hadde slått lag med. Ho på si side skjemta litt med at forkynneren Jarle ikkje kunne synge, men i annonsen for møtene stod det at dei skulle synge sammen. Møteopplegget er Marit sitt, ho hadde regien og snakka om å få komme til Jesus, og hadde mange fortellinger om folk som gjorde nettopp det. Lengten etter vekkelse prega møtene, men me hørte ikkje om noen nye som blei lagt til flokken. Det kom mykje folk på møtene. Eg opna siste møtet med å fortelle om folkets forhold til Guds ord i Neh 8, gjennom levittenes nødvendige forklaringer. Me har alle bibler heime, og bruker dei også, men likevel er det nødvendig at forkynnarar kjem og aktualiserer tekstene for oss.

  Overraskelsen fredag kveld var at Kristen dukka opp. Det var kjærkomme for meg å få prate med han om mine barn og barnebarn, om arbeidsforholda våre, om sjukdommer som heng ved oss. Me hadde byvandring lørdag - etter rømmegrøt og marsipankakestykke utenfor den gamle fabrikken til Svindlands Pølser, som skal rivast for å gje plass til 30 nye leiligheter. På søndag rakk me å gå ein halvtimes "runde", ca. 1,7 km, (sjå foto) før den gode fårikål-middagen. Kristen fekk skyss med soknepresten sin tilbake til Kviteseid. Det var eit svært gildt besøk!