grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

18 mai 2019

17.mai 2019, tradisjonell langdag, sol og vind

Ein gledens dag for dei fleste. Me vart etter kvart trøtte etter å ha gått 4.5 km omkring i byen: Først til bedehuset kl 9.30 for å få med oss barnetoget, slik har me alltid begynt feiringa år etter år. På torget fekk me gode ord for dagen av to jenter før me gjekk til kyrkja og deltok i Gudstenesten der. Sverre Jakobsen minna oss om å vera takksamme for landet og demokratiet, det hadde jentene også understrekt. Frelsesarmeen hadde ope hus frå kl. 13, der traff me mange av innvandrarane me kjente frå før. Det vart pølser og deilige kaker, kort andakt ut frå korset i flagget vårt, med alle små springande omkring. Kvinnene kunne ta til seg fordi dei var trøtte av å passe småbarn, men dei fleste mennene fasta Ramadan. Barna faster jo ikkje. - Kl 16 var me på plass i den store gruppa kristne i folketoget, bak kors og fane. Og på torget ved banken lytta me til visdomsordene av Knut Arild Hareide, som har kona si her frå byen. Han talte godt, men det vart brukt litt for mange bilder og småfortellinger, syntest eg. Han nevnte kor viktig det sosiale nettverket var, og kor godt me hadde det til forskjell frå mange andre. - Etter ei god ettermiddagskvile drog me til Bedehusets festkveld kl 19.00, leda av Per Stordrange, der Hanne Risvold talte godt om 17.mai-fedrene Wergeland og Bjørnson, og om at det avgjerande for vårt kristne demokrati var ikkje fargene i flagget, dei finner me også i det russiske flagget (som ho viste frå talerstolen), men i flaggets korsmerke. Musikklaget sang, og det vart god avslutning med pølse, brød og iskaker (som vanlig). Me hadde hatt ein gild dag!.