Samvittigheten i arbeid
Samvit er ei merkelig sak, den kan vera basert slik på Guds bud og menneskelige fordommer at den styrer handlingene og moralen vår. Men den må også av og til justerast fordi basisen er gal. Samvit eller samvittighet betyr noe ein veit med seg sjøl, ein meir eller mindre visshet om at noe me gjer er rett eller galt.
I begynnelsen av forrige veke ringte Sven til meg, han skulle lede søndags formiddagsmøtet 12/5 og lurte på om eg kunne vera tekniker under møtet. Dette hadde eg ikkje fått skikkelig kunnskap og erfaring i så eg sa at det følte eg ikkje eg kunne. Han godtok det. Men utpå formiddagen fekk eg ikkje fred, eg visste nemlig kor vanskelig det var å lede sang og trosbekjennelse m.m. uten hjelp av prosjektør og teksta på veggen. Så tok eg kontakt med Sven igjen og tilstod at samvitet mitt minna meg om at skulle prøve, dersom han hadde programmet klart. Me kom sammen torsdag kveld og gjekk igjennom prosedyren.
Søndag formiddag var eg på plass i god tid for å sjå at alt på miksepulten fungerte. Det gjorde det under heile møtet. Åge Nygård (ImF) hadde talen og forretta nattverden for dei vel 25 som deltok. Sjøl brukte eg å kle meg annleis når eg forretter nattverden, det har eg gjort dei siste par åra, med kvitt slips og skikkelig bukse til ære for søndagen og sakramentet. Men det får bli om tre veker, då vert det min tur igjen. Sven takka meg hjertelig fordi eg stilte opp og sa ja. Men det var fleire andre som også var med slik at alt fungerte, både med spilling til sangene og med møtekaffen til slutt.

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home