grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

01 mai 2019

Takk for Fjellhaug!


(Som 60-års jubilant på Fjellhaug misjonsskole 27/4/2019, var eg sammen med tre andre av mitt kull, og nærmere 100 andre jubilanter, og feira kvelden med kaffe og kaker og mimring av alle slag. Etter ein liten strid med meg sjøl rusla også eg bort til mikrofonen:)
  Eg ønsker å takke personalet på Fjellhaug for denne fine dagen me har fått hatt sammen i dag. Eg ønska svært mye å vera med her i dag, og vart ikkje skuffa. I seks år var eg student på Misjonsskolen, 1953-59. Kvifor så mye som seks år? Jo, eg hadde bruk for det fordi eg var bare 16 år då eg begynte, hadde minimal kjennskap til Bibelen og absolutt ingen kunnskap om Misjonssambandet. Men eg hadde ein ting: eit klart misjonærkall! Resten fekk eg nettopp på Fjellhaug. Det betyr at Fjellhaug har gitt meg både den modenhet og dei verktøy eg hadde bruk for i tenesta mi som misjonær. I tillegg så fant eg kona mi der, eller kanskje var det rettere å seie at det var ho som fant meg. Så har fire av sønnene mine gått på Misjonsskolen her, og fleire av barnebarna mine på bibelskolen. Det forteller litt om den plassen Fjellhaug har i vår familie. Me trenger ein slik anledning som denne for å oppdatere oss både om skoletilbudet og personalet her. Takk til alle for denne dagen!
    (På fotoet sitter me fire 60-års jubilanter plassert etter alderen, frå høgre: Nils Boganes (90 år til høsten), Ole Turøy (89 år i vår), Torleiv Vegge (87 år i høst), og eg - Tobias Salmelid (82 år i vår). Mange har gått bort. Olav Fjose (88 til høsten)er sjuk. Førsteamanuensis Arne Helge Teigen var fotograf). Her er også lista over misjonsskolestudentene i 1955, då hadde noen fleire komme i tillegg til oss som begynte i 1953.