grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

12 april 2019

"Tilfeldighet" kan gjerne vere ein benevnelse på Gud.

Det hadde seg slik at eg skulle på ein tre dagers HLF-kurs til Drammen søndag ettermiddag 7.april. Dette gledde eg meg til og pakka veske og ein liten koffert alt på lørdag. Men i 4-tida om natta fekk eg svært vondt i magen og smerter i høgre sida av brystet. Eg måtte på toalettet litt fort og vart sitjande der mens diaréen raste vilt gjennom magen. Så kom kvalmen, eg måtte dra ei bøtte bort til toalettskåla. Bjørg, kona mi, spurte forskrekka: "Kva er det? Har du vondt?" "Ja", svarte eg og måtte motstridande fortelja om alle symptom til sykepleierkona mi. Ho forsto at det måtte vera omgangssyken som hadde angrepet meg; me fekk bare ringe og avbestille både kurset og helsa i dagane framover. I smerte og fortvilelse ba me Herren om å gripe inn. Om morgenen stod Bjørg opp og ordna med frokost. Kvalmen hadde gitt seg, og med møye kom eg meg på beina. Eg måtte på toalettet igjen to gonger etter frokost, men me venta i det lengste med å ringe til HLF. Eg fekk kvile og tok litt nølande til meg av den gode middagen. Skulle eg våge å reise? Eg var engstelig for den 6 timer lange togturen. Ville eg finne toalettet i tide? Eg slapp å grue meg for det; neste toalett-besøk vart på hotellet i Drammen! Kva hadde egentlig hendt? Eg fant svaret i Salme 37:5: "Legg din vei i Herrens hånd! Stol på ham, så griper han inn." 
 
  Mandag skulle eg skifte batteri i høreapparatet, og fant at den eine batteripakningen inneholdt fleire batterier til venstre øyra, men pakningen til det andre, var tom. Eg bruker nemlig forskjellige batterier til øyrene. Nå vart eg fortvila for alvor. Eg endevendte toalettveska mi og fant bare fire brukte batterier som eg skulle ha kasta tidligere, men hadde ikkje funne rette  plass for dei og bare sluppet dei i veska til så lenge. Det er nemlig lett å sjå forskjell på eit nytt og eit brukt batteri.  Nå tok eg dei fram, nedba i tru og tvil Guds velsigning over dei, og satte i gang med å prøve. Det første var dødt, slik eg venta. Dei neste brukte batteriene var sjølsagt også livlause. Men då eg satte inn det siste, reagerte høreapparatet positivt! Med forbauselse og med stor takksemd prisa eg Gud. Han hadde virkelig gripe inn! Tilfeldighet? Aldri i verden. Eg kaster aldri eit brukbart batteri, dei er for dyre og dyrebare for meg! Eg fortsatte å lese i Salmene, og vart truffen av 50:15 ("Kall på meg på nødens dag!") og 55:23 ("Kast din byrde på Herren!"). Kan me kalle på ein "tilfeldighet" når ein er i nød? Nei, men me kjenner ein som kan skape tilfeldigheter. Og det er veldig trosstyrkende å ha han som venn.