grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

02 mars 2019

Kvifor leser ingen noe om meg lenger?

Eg lever framleis godt, ting hender omkring meg - noe kunne eg ha lyst å skrive om. Eg fortsetter med kryssord 3-4 i veka, eg slapper av med slikt, men det blir ikkje flakslodd av det, håpet mitt er ikkje tilstrekkelig. Seint fredags kveld fekk eg vite at han som skulle ha preika på bedehuset her søndag, hadde lova seg bort til eit anna møte. Vel, så meldte eg meg sjølv som taler i staden hans. Dagens lesetekst er frå 1.Tim 2:1-6, om Jesus som vår mellommann, vår forsoner og løysepenge. Orda vart gode for meg, og då kan eg kanskje formidla noe godt til andre også. Alle på bedehuset har lært om påskehendingane, som nærmer seg, men kor mange får nåde til å leva i dei - også når mismot og fristelser strømmer på, vonde minner og åndelig dovenskap?
Eg er ikkje 80 år lenger, om noen dager vert eg 82. Det merkes på hørsel, problem eg har hatt i 6 år nå, på balansen, på fantasien også kanskje. Daglige sysler går greit, men Forkynneren 12 står klart for meg, om å tenkje på Skaparen i ungdoms dager, før dei vonde dagane kjem, dei me ikkje liker.
Eg ønsker å skrive, fortsatt, livet er dramatisk nok både for meg og slekta - men det vert for privat og kan gå ut over andre personer, så derfor blir det liggjande bare i minne og tanke. Så er eg opptatt av å skrive om "Urhistorien, frå Adams fedre til Noahs bergingsbåt", men det er ikkje alltid like enkelt å finne forlag til slikt. Stoffet ser for kristelig ut for noen, for kontroversielt for andre.
Planlagde gleder: eg har meldt meg til jubilantstevnet på Fjellhaug, som 60-årsjubilant, i slutten av april. Men før det skal eg til eit hørselsmestringskurs (HLF) ved Drammen i tre dager. Så til bryllup for eit barnebarn på Kviteseid 20.april. I siste halvdel av juli tenkte me oss ein tur med "Gann" til Nordkapp - eg har ikkje vore der før. Og så hadde det vore kjekt å besøkt min einaste bror i Florida på hans 80-årsdag den 1.desember.  Her må eg nok tilføye eit "Deo volente", om Gud vil.