grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

06 mai 2019

Trufaste misjonskvinner, 77-årsdag, og eit godt søndagsmøte.



Kristne kan bli så grepen av Jesu misjonsbefaling og den åndelige og materielle nød blant mennesker i verden, heile livet. Noen har bundet seg til misjonsarbeidet som NLM driver gjennom sine foreninger. I Flekkefjord har me fleire slike, her ønsker eg bare å nevne to av dei eldste: Sigrid som vert 94 år  6/11, og Mary som vert like gammel 24/10. Etter mye om og men fekk Sigrid plass på Sundeheimen aldersheim for snart to år siden. Mary bur aleine, måtte innom sykehuset og derfrå til sykeheimen Tjørsvågheimen, for noen dager. Dei hadde ikkje plass så ho lyt dra tilbake i neste veka. Me besøkte henne i dag, 4.mai, ho smiler tannlaus uten å vere sur. Ho gler seg over nyheter me kunne fortelje frå Misjonsbasaren på Gyland, det store 1.mai-møtet på Lyngdal, og mitt jubilantstevne på Fjellhaug. Så brukte ho nettbrettet flittig og fekk med seg både andakter og meldinger. Det vart eit gildt besøk.
  Søndag 5.mai var Bjørg 77 år, på bildet sit ho med frokostbordet. Me hadde ei god "feiring" med lapskaus og deilig kake. Om kvelden fekk me det travelt på Bedehuset. Eg skulle leda møtet og Bjørg var åleine med ei stor skuffekake og kaffekoking. Jan Robert Madsen, metodistpastor, talte og sang. Olaf Thormodsæter, leder for Musikklaget og ein svært god pianist, hjelpte til med sang og musikk.  Det kom minst 60 til møtet, mykje meir enn me hadde rekna med. Ei dame frå kvinneforeninga kom uventa med ei ekstra formkake og ei isboks. Alle som ville, fekk kake og kaffe. Og Bedehuset fekk Kr. 4090 i eit sårt trengt misjonsoffer. Eg hadde opna møtet med å streke under at når Jesus såg folkets nød, gjorde han noe med det (Mark 6:34), og det gjelder også vår nød i dag. Madsen las frå 1.Kongebok 22 om profeten Mika som måtte halde seg til Guds ord når han talte. Siste sangen dei framførte var den engelske "One Day At a Time", om å bruke dagen me har fått, i dag!