Ora et labora
Overskrifta er ein gammel og god leveregel: Be og arbeid! Det var dette som var emnet for preika tirsdag kveld, på Indremisjonens misjonsmøte. Men taleren talte bare om bønn, i løpet av 50 minutter hadde han leita fram bønnene Guds folk hadde bedt både i GT og NT. Noen ga uttrykk for at det var trøystefulle ord å høyra, men eg var misnøgd fordi einaste uttrykk for arbeid han nevnte var at "ein forbeder gjer eit stort arbeid". Tankane mine vart eg ikkje kvitt den kvelden, dei arbeide i meg ved nattetid og om morgenen. Kl 11 på onsdag var ni av oss samla til ukentlig bønnetime på bedehuset, og då greip eg ordet: "Taleren i går kveld hadde fått eit emne han ikkje preika over, det er eg lei meg for. "Bønn og forbønn" står i forhold til eit arbeid, ei oppgave som skal gjerast. Paulus søkte seg fram etter ei opning for evangeliet i Kol. 4, og så ba han dei truande vera med i bønn for å finne ei open dør for Ordet (v.3) - både bønn og arbeid. Så strevde han for å finne dei rette orda når han forkynte evangeliet om Jesus (v.4). - Eg kjenner meg igjen: i samband med fellesmøtene me skal ha neste uke, så har eg to oppdrag. Eg skal skrive i lokalavisen ein notis om møtene, det har eg alt gjort og ber om at avisen tar inn dette stykket som kan bli lest og få andre til å komme på møtet. Igjen: bønn og arbeid. Mi andre oppgave er å lede eitt av dei fem møter denne uka, det går ikkje av seg sjølv, det krever bønn, bibellesing og leiting etter dei rette ordene. Igjen: bønn og arbeid. - Mi mor var eit bønnemenneske, men ho preika ikkje om bønn, ho ba! Eg husker dei mange gongene bror min og eg bøyde kne sammen med mor og ba for far som var ute på arbeid, og for hennes bror som ikkje var ein truande. Mor sleit seg ut både ved arbeid og bønn! Det var dette eg hadde fått å bringa videre i dag." - Fire av dei som ba etterpå, nevnte spesielt meg i bønnene sine. Det takka eg for etterpå. Eg har nemlig fått eit ansvar for oppgaver og treng forbønn for dette arbeidet som er lagt på meg. Så kom ei av damene etterpå og takka for den møteopninga eg hadde hatt da eg leda søndagens formiddagsmøte. Budskapet mitt hadde blitt til velsigning for henne. Slikt varmer og gir mot til å arbeide videre.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home