grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

07 september 2007

Salgstur med boka "Salmeli 2007"


Onsdag var nytt og revidert opplag av boka "Salmeli" ferdig frå trykkeriet, og torsdag - i strålande solskinn - reiste Bjørg og eg til Knaben Landhandel der Bitten Moland tok imot 100 bøker, og is og kaffe til oss i sin fantastiske butikk. Så bar det videre til Salmeli der Aage og Astrid Olsen overtok 50 bøker for salg til turister og jaktfolk. Me hadde ein fin timeslang tur til Atlakstøl, der me fekk oss kaffe og nistemat og litt tyttebær før me drog tilbake. Bildet viser Bjørg ved ein solfyllt hyttevegg på Atlakstøl. Astrid hadde nysteikte lapper (hennes spesialitet) til oss før me kjørte heimatt til Flekkefjord. Bitten, Astrid og Aage er ein svært god reklame for både Knaben og Salmeli, ved det varme hjertelaget og gode smil dei møter tilreisande med. Og ekstra gildt var det for meg å høyra at etterspørselen på boka mi var stor.