grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

26 januar 2014

Stormøte med snø

Denne helga er det "Bedehusenes storsamling" på Bedehuset i Flekkefjord, då kommer folk frå Kvinesdal, Gyland, Sira og andre bygder - dei trosser snøvær for å lytte til gode forkynnarar. Me har to møter kvar kveld, med mat innimellom. Arne Helge Teigen, mangeårig lærer på Fjellhaug (FIH) taler om "Den gode hyrde", ut frå Joh.10 og Salme 23. Erik Furnes, generalsekretær i Indremisjonen,  har emnet "I bevegelse på fast grunn". (På bildet sitter lederen, Sven Hogstad, i midten)
Furnes talte om forholda i forsamlingene: Me kan ikkje velge for våre barn, men føler det vondt når barna ikkje kommer på møtene. Også Jesus opplevde at tilhørerne gjekk frå han. Under bygging må ein ofte rive ned noe for å bygge videre, bygge noe nytt. "Eg vil bygge ..." sa Jesus i Matt 16:13-18. Han er Herre i sin forsamling, og understreker sterkt Ordets betydning, ikkje minst i Joh. 17.
Her er det Bjørg som måker vei inn til huset vårt, søndags morgen. Me var ute og måka 2-3 gonger på lørdag, mens snøen dalte ned og vinden blåste heile dagen. Brøytebilen greidde ikkje å halde veiene fri for snø, og det merka me då me kjørte heim lørdagskvelden i dei snøglatte svingane opp til Søyland. Fortauene i sentrum er nesten ikkje til å koma fram på.