Samlinger - og ein blyant
Ei veke er gått, med mange slags samlinger: Mandag var det foreningsmøter, onsdag internasjonal samling på Bedehuset, torsdag til Kvinesdal Gjenbruk og styremøte om kvelden, fredag på besøk til tre gamle (90, 97 og 102 år) på Tjørsvågheimen og om kvelden til KrF sin årsfest på Bedehuset (stortingsrepr. Olaug Bollestad), og lørdag kl. 15-18.00 til festmiddag for 60 eldre (70+) på Metodistkirka. Alle desse samværa gav oss noe å tenke på, i tillegg til eit godt måltid mat og prat. Byvandring og snømåkinga innimellom gav oss den nødvendige mosjon.
I Metodistkirka vart det lest opp "fem ord til blyanten". Dette talte slik til meg at eg måtte notere orda ned då eg kom heim - dei gjeld nemlig ikkje bare blyanten, men meg som menneske også:
(1) Du er skapt til å fungere bare når ei hand får halde omkring deg, og styre deg.
(2)Du vil av og til føle smerte, det er når du blir kvesset slik at du skal bli meir brukbar.
(3) Du kjem sikkert til å gjere feil, men då kan du alltid gå tilbake og rette dei opp igjen.
(4) Husk at det viktigste du har er det du har inni deg.
(5) Du er kalt til å sette avtrykk der du ferdest.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home