Ingen kjedelig dag.
Julemiddag i november? Ja, siden me har planlagt opphold i Israel heile desember og nesten heile januar (totalt 8 veker), så ba me Leif Helge og Marie med dei fire guttane til pinnakjøtt-middag allerede 12.november. Dei hadde til og med julepakker til oss! På bilde ser me Benjamin som strever med traktoren i eit vanskelig vegkryss - det gjekk bra.
Torsdag 13.nov. vart ein hektisk dag. Me var på Gjenbruksbutikken i Kvinesdal fram til kl. 14.45
Så hadde Tobias andakt på Sundeheimen
i byen kl. 15.30 om 1.Kor.15:10 og Fanny Crosby sitt liv og sine sanger.
Bjørg og Solveig leda oss i sangene. Deretter bar det til
Tjørsvågheimen der me besøkte tante Gurine, og hadde ein liknande
andakt kl. 17.00. Då me kom heim att stelte me i stand middag for
oss to (rester etter dagen før).Det er trivelig på gjenbruksbutikken, mange folk kjem innom og prater og kjøper. Eg treffer innflyttarar frå Eritrea og Etiopia, dei liker å småprate litt, eg har hatt med bibler til noen som spurte etter det (amhariske og tigrinja-bibler).
Kl. 18.45 kom Kristen og Andreas
kjørande frå Kvitsund. Andreas skulle på jobbintervju i Sola
kommune (lærlingeplass) dagen etter. Me fekk ein gild kveld sammen,
mykje prat. Og kl. 09.00 fredags morgen bar det videre med dei til
Sola. Me setter stor pris på at våre folk kjem innom på denne måten. Dei er oftast opptatt med livets mange gjøremål, sitt eige arbeid og barnas skolegang. Men det er ikkje så lenge siden Bjarne og Unn-Iren, Geir Tore og Margunn med Kamilla, Joakim og Renate var innom oss. Bra!
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home