Ein fredag i koronatida

På onsdag hadde me hatt vårt første komitémøte i forsamlingsutvalget, på Skype. Dette var me mykje opptatt av og eg var ein tur over brua med eit av papira som ein av dei andre komitémedlemmene ikkje hadde fått med seg. Eg henta poteter og skrella dei mens Bjørg fann fram grønnsakene og kjøttkaker til middagen. Etter ei middagskvile tok me oss ut. Her er svært lite folk i gatene, ein sop-i-hop-bil hadde reingjort fortauene, dei fleste butikkene ser stengte ut. Me kjørte opp til Søyland, der me budde for tre år siden, og gjekk den «store runden» på fin skogsvei, 5300 skritt på 60 minutter (se foto frå turen). Stien starter ganske bratt, men var stort sett turr. Kaffen og Bjørgs boller smakte herlig då me kom heim att. Nå kunne eg ta meg tid til å løyse dagens to kryssord (Agder og Vårt Land). Me var også ein tur til Coop og gjorde ukas handel. Som pensjonister har me det godt også i denne vonde tida. Ordføraren vår er i karantene, også noen av barnebarna mine må halde seg i ro. Møter er det jo ikkje, framtidige samlinger er avlyst, og me veit ikkje kor lenge denne koranatida vil vare. Ingen veit det. Statsminister Erna gjer ein svært god jobb og hadde nettopp ein følsom og oppmuntrende tale til nasjonen.
I morgen er det lørdag, Bjørg har sitt program klart: På formiddagen skal ho steike pannekaker, det har ho ikkje gjort på lenge for det har helst gått i lapper. Så skal dei to gamle damene i etasjen under oss få god kaffemat. Bjørg har også kjøpt inn litt til Sigrid på aldersheimen, ho må ta ein tur dit med det. Og etter lørdagsgrøten vil ho kjøre opp til Nedland med blomster på eit par graver der. Kva eg skal? Jo, eg skal ordne med noen klær, ta ein tur over bruene og opp til Trellebakken, tilsaman knappe 2000 skritt - eg har gått den byturen mange gonger. Og så skal eg sjølsagt løyse kryssordene i Dagen og Vårt Land, det gler eg meg til. Me har nettopp fått ei omsorgsfull helsing frå Misjonssambandet, der me blir minna om Salme 4:9, «I fred vil jeg legge meg ned og sove. For du, Herre, du alene lar meg sove trygt.» Amen!
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home