Gledelig barnebarn-samling på "Mesob" i Oslo
Det heile var farfars ide. Eg hadde nemlig lenge følt det vondt at mine barnebarn på Austlandet liksom var "utenfor rekkevidde". Noen hadde vore innom Flekkefjord, dei fleste ikkje. Dei var opptatt med studier og arbeid og familieliv. Og eg sjølv følte at avstanden til deira hybler i hovedstaden vart svært lang og kronglet. Så la eg dette fram for Bent, vår gode vert og hjelpemann i området, og lurte på om eg kunne få hjelp til å kalle sammen noen barnebarn til ei samling på ein etiopisk restaurant i Oslo. Jo, Bent ville støtte forslaget, og så blei skuddårsdagen 29.april 2020 bestemt som møtedag på "Mesob".
Eg hadde mange tanker og noen våketimer i forkant av samlinga, og mange bønner for mine barn, barnebarn og oldebarn. Bent og Ellen var vertene våre, og Bent kjørte Bjørg og meg til restauranten i god tid denne lørdagen. Me fekk eit par bord, Isak frå Eritrea diska opp, og så begynte dei innbudte å komme. Ole Tobias var med oss, Aurora med samboeren Erik og hans datter Eira kom, dei nygifte Andreas og Hildegunn kom fra Kristiansand, og dei nyforlovede Tomas og Amalie. Så kom Maiken fra sin leilighet og Martha etter ei nattevakt. Brødrene Harald og Gunnar var på plass ganske snart, og så dukka Marie opp etter ein togtur sammen med treåringen Johannes fra Kviteseid, mitt oldebarn. Benedicte og Jarl Andre hadde fått influensa og kunne ikkje komme, men tiåringen deira, mitt første oldebarn Oscar, hadde onkel Bent fått med seg.
Me var 19 i tallet da eg ønska alle velkommen, ba om Herrens velsigning over samlinga vår, og hadde ein liten tale for "hedersgjesten" Bent som alltid var tenestevillig vert og sjåfør for Bjørg og meg og alle mine barnebarn og deira familier. Eg hadde med ei ny Afrika-bok til han som gave. Så kom Isak med fire store fat med indjera og wott (bejeainet), etter ei stund måtte han komme med fire nye av samme slag. Alt smakte svært godt.
Eg fekk også høve til å minne dei om kong David som var ein mann etter Guds hjerte, men han synda svært mot Herren i samband med Uria og Batseba (1.Kongebok 15:5) - så bekjente han sin synd og fekk tilgivelse. Denne tilgivelsen er ikkje bare noe me har bruk for i samlivet oss imellom, men også i vårt forhold til Herren. - Etter eit par timer var slektsmiddagen vår ferdig, me hadde ete godt, prata sammen og smilt til kvarandre og var takksamme. Så tok me farvel og dei yngre drog til sine andre oppgaver og avtaler for kvelden.
Søndag kjørte Bent oss til toget, og me kom vel heim att kl. 23 om kvelden. Då hadde me vore på helgetur i 60 timer, var trøtte og takksamme. Måtte Herren bevare alle, både dei som fekk vera med oss denne lørdags ettermiddag, og dei som var heime - både i innland og utland! (Foto avTobias og Bjørg sammen med noen av slakta, fotograf: Bent))
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home