grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

24 juni 2020

Litt bilhistorie


Det var i år 2000 at sykepleier Bjørg Nedland kjøpte ein ny Opel Corsa fordi den gamle var blitt skrøpelig. Arbeidsplassen ved Flekkefjord sykehus lå ikkje langt frå leiligheten, men noen turer til Nedland/Gyland vinterstid kravde ein sikker bil. Ho glømte heller ikkje så snart elgen ho møtte på ein av turene dit, han havna på frontruta og panseret.
Bjørg gifta seg med Tobias Salmelid i april 2007 og dei flytta til eit godt og romsleg hus på Søyland samme sommeren. Tobias kvitta seg snart med sin lille Polo. Den hadde vore god å bruke under flyttinga, men det vart jo for dyrt og unødvendig å halde to biler. Då Opelen vart ti år, lurte me på om ikkje eit bilskifte kunne vera aktuelt. Det var nok særlig eg som puffa på. Flekkefjord Auto, der Opelen var kjøpt i sin tid, hadde godt utvalg. Den 23.juli 2010 vart ein ny og lyseblå Hyundai i20 registrert i Bjørg sitt navn. Den var nett passe stor for oss, fekk sine skrammer - særleg av meg ved rattet - og tente oss trufast år etter år. Det var ikkje det at eg var borti andre biler, men eg var meir uforsiktig ved parkering og slikt. Etter 10 år på Søyland, med mykje bruk av bilen til møter og handling, såg me oss om etter ein meir lettstelt leilighet sentralt i byen.

Så flytta me til «byens beste leilighet» 1.juni 2017, med fem minutters gange til bedehuset og tre minutter til byens store kjøpesenter: Løvikgaten 5E, på østsiden av elva. Kva skulle me egentlig med bil då? Jo, det vart ein og annen tur til Gyland, Kvinesdal, Salmeli, Bryne, Randaberg, Kviteseid og litt meir. I 2020 begynte me, særlig eg, å tenkje på at bilen var blitt 10 år og det kunne jo vore godt med ein nyare type. Den hadde bare kjørt vel 80.000 km, men den mangla ting som me ønska: ryggekamera, GPS, og gjerne automatgir. Ein tirsdag i juni var det spesiell bildag hos Toyota på Trøngsla, 3 km herfra. Me traff ein tenestevillig salgsmann og såg på mange lite brukte Yaris’er. Me var oppe der igjen fredag og bestemte oss for ein Yaris hybrid med automatgir og mykje meir, 2018-modell, grå, kjørt 14.000 km. Me fekk bare 30.000 for vår gamle - som innbyttebil - pga ein del synlige rustflekker. Den nye kom på Kr 205.000.
Tirsdag 23.juni 2020 vart bilen betalt og henta. Tvilen dukka opp igjen. Var det rett å bruke så mye på ein ny bil når me kjørte så lite? Me forsøkte å trøyste kvarandre best me kunne: Å la pengane ligge i banken uten rente - i denne koronatida, kunne heller ikkje svare seg. Det var heller ikkje noe meining i å slite med ein gammel bil når me sjølve vart eldre. Me veit også at etterkomarane våre unte oss den bilen. Nå står det bare igjen å lære å kjøre med automatgir og kunne utnytte dei mange ekstra fordeler som nybilen gir oss. Me treng nok nokre dager med øvelseskjøring, men trur det skal gå bra. Men, greier me å gjere det rette i ein nødssituasjon? Eg ville kjøre bilen det første stykket, frå Toyota og ned til parkeringsplassen ved huset vårt, for «Bjørg er betre enn meg til å kunne rettlede bilføreren». Første turen vår blir Nedland i Gyland (ein halv time), og neste tur blir over Evje til Kristen sin familie i Kviteseid (5 timer/Kvitsund bibelcamp).