Våre opplevelser i koronatida
Koronaen har forandra ein del på vårt levevis og våre planer - det gjelder oss alle. Møteverksemd er ikkje som før, Guds ord får me ved å lese, ikkje ved å gå til bedehuset og høyre. Byen virker stundom tom for folk, ein del sitter heime. Me går i butikken og ellers på daglege turer, leser, strikker, ser på tv om kvelden.
Men tirsdag 5.mai kom ein forandring:Bjørg fylte 78 år, og for første gong på mange veker hadde me "fullt hus", dei lovlege fem personene i stova vår: Geir Tore, Margunn og Joakim kom til midag (pinnakjøtt!). Stor stas. Helsinger ved blomster og mobil nådde henne også.

Onsdag var det Arne sin 60 årsdag, han hadde egentlig planlagt selskap, men det kunne ikkje bli noe av nå. Men ein historisk bursdagsprat vart det likevel: Alle fem guttene fekk prate sammen på video (Messenger)!
Torsdag vart min store dag: Eg fekk igjen høreapparatene mine etter å ha venta i ein måned og 5 dager på at dei skulle bli vedlikeholdt! Nå kan Bjørg igjen snakke normalt til meg uten å måtte rope. Kanskje vil eg også unngå alle misforståelser fordi eg trur noe er sagt meg uten at det var det. Fuglekvitter og gatelyder når meg - storarta.
I tillegg til alt anna så får me i kveld høyre helsemyndighetene sin justering av korleis me skal forholde oss til fellesskap og møter og heimeselskap og mye meir - etter snart to måneder med "innestenging" og "nedstenging" av landet vårt. Heldigvis har me i Flekkefjord fått vore friske.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home