grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

22 mai 2020

Kristi himmelfartsdag - Egil Grandhagen



Den gode medarbeideren og NLM-lederen Egil Grandhagen (1947-2020) døde 20/5, etter tre års kamp mot kreft. Vårt Land og Dagen har skreve mange sider med minneord, og eg kunne gjort det samme etter å ha vore sammen med han i arbeid både i Etiopia og i Norge.


I går, 21/5, var det Kristi himmelfartsdag, og i det fine været om ettermiddagen kjørte me opp til Sjåsamveien, og gjekk videre innover den breie stien til Nygård, der me hadde eit godt kaffemåltid på ein fin rasteplass. Eit kjempestort grantre ved veikanten la me merke til, også dei mange stiene med knudrete fururøtter. Det er herfra byen får drikkevatnet ditt, det setter jo litt preg på området. Heile turen tok halvannen time, og gjorde godt.



Om kvelden hørte og så me på Per Arne Dahl sitt intervju med Egil Grandhagen og kona Solveig. Det var eit gripende misjonsmøte. I dag har eg lest kva avisene seier om han som var generalsekretær i Misjonssambandet i 19 år, 1982-2001. Mellom andre saker festa eg meg spesielt til opprettelsen an «NLM trussamfunn» under generalforsamlinga i 2015, då talte både Grandhagen og eg imot den foreslåtte «minimumsløsning» ( å opprette eit trussamfunn), me gjekk inn for ei «maksimumsløsning» (å bli eit trussamfunn/kirkesamfunn). Me var begge mellom dei 10 som stemte blankt! Eg har samme meining i dag.