grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

22 juli 2020

Salmeli tur med T. Greipsland

Det vart ein uventa trip til Salmeli og Knaben gruver 21.juli. Eg hadde hatt litt kontakt med forfatteren Torbjørn Greipsland (78), og ville gjerne lære han meir å kjenne. Han hadde lyst til å sjå områder der han ikkje hadde vore, bl.a.  Salmeli. Så kom han hit til Flekkefjord og eg var guide for han til Salmeli, via Gyland og Kvinlog.  Han brukte stav og hadde dårlig balanse så noen lang tur uten bil vart det ikkje. Kaffi på steintrappa til huset der borte, vart det sjølsagt. Greipsland var svært interessert i alt han såg.
Og så fortalte eg frå historia til min farfar Tobias Pedersen Salmelid, som kom hit frå Sinnes i Sirdal for å hjelpe til i onnetida på garden til enka Gurine i Salmeli.
Det var Asbjørn Pedersen Salmelid (1816-84) var blitt gift med Gurine Rostøl (1824-1916) i 1858 og bodde i det gamle huset der borte. Då han døde, vart enka sitjande igjen med døtrene Åsa (1861-1960) og Karen Tonetta (1895-96).  Åsa vart gift med Ivar frå Knabenes, og Karen Tonetta med Tobias frå Sinnes. I 1892 fødte dei kvar sitt guttebarn og begge vart oppkalt etter morfaren Asbjørn. Begge familiene budde i huset der borte, i kvar si stove, og med gamle Gurine på kammerset.
Det var sjølsagt vanskelig for enkemannen Tobias med to små (Asbjørn og Anna), og i 1900 gifta han seg med enka i huset der ute, Gunnhild (1857-1951). Seinare, i 1907, bygde han opp huset der heima, og Gunhilds datter Karen tok over gamlehuset der ute då ho gifta seg. Huset der borte vart seinare solgt og er nå ein del av gardsbruket der oppe.
Asbjørn Tobiassen Salmelid var i Amerika i 1911-32 (Oscar Lee), vart gift med Bendikte Seland i 1936, dei budde i Salmeli 1936-39 og kjøpte seg gardsbruk i Fjotland (Veggeland 1939-47, Smissnes/Risnes 1947). Asbjørn arbeidet noen år på Knaben Gruver.