grápson ὃ βλέπεις γράψον εἰς βιβλίον

12 februar 2014

Årsmøtet og tida etterpå

I går hadde me årsmøte i Flekkefjord Misjonslag på Bedehuset. Eg leda møtet, det har eg gjort i desse 6 åra eg har vore styreleder for NLM her i byen. Lovene for laget seier at eg måtte trekke meg etter desse 6 åra, så forsamlinga valde Reidar Mæstad (72) som ny styreleder. Ove Sandvik hadde andakten, og tok eit godt bilde av den gamle og den nye styrelederen:
Me gjekk igjennom årsmøtesakene på ein god måte, med årsmelding, regnskap og valg. At me har sendt over 600.000 direkte til NLMs hovedkasse er storarta, tatt i betraktning at me blir færre og eldre år etter år. Valgnemnda hadde streva hardt med å få kabalen til å gå opp. Resultatet vart tre faste styremedlemmer (Reidar, Sven Hogstad og Solveig Forseth)   og to varamedlemmer,(Solfrid Løland og Randi Krogedal) i staden for det lovfesta styret på 5 faste medlemmer. Eg delte ut velfortente roser til Olav Fjose (v/kona Hildur), Nelly Sivertsen og Eldbjørg Kydland - og fekk sjøl noen nelliker av den nys styrelederen. Samtale om arbeidet vart helst litt diskusjon om møtetid. Lederne i NLM, ImF og NMS hadde gått inn for ei ordning med flytting av misjonsmøtet frå tirsdager kl. 19.30 til onsdager kl. 19.00, av sterke praktiske grunner, frå september 2014. Samstundes ønska me at søndagsmøtene også skulle ta til kl. 19.00 året rundt. Personlig ville eg hatt ein meir radikal forandring: Søndagsmøtene kl. 17.00 med kaffe og bibeltime etter eit godt opplegg for heile haustterminen.
I dag har eg streva med informasjonsmailer til alle som burde kjenne til forandring av lederskapet i Misjonslaget, skreve årsmelding til NLM frå Misjonslaget og sendt årsmelding om arbeidet på Bedehuset til DNK Menighetskontoret, slik eg har gjort dei siste årene. I morgen værer det løs med nye oppgaver, og så vert det misjonærkurs på Holmavatn til helga. Me gler oss.